I haustferien i år reiste eg, saman med Maria, på jentetur til London. Her var besøk på King's Kross Station sjølvsagt obligatorisk, men noko gjekk ubeskriveleg galt! Som ein kan sjå på biletet, ville ikkje vogna rikka seg. Eg prøvde forskjellige metodar i form av hardare pressing og å ganske enkelt gi opp vogna for å prøve å komma igjennom berre eg. Alt saman utan hell.
Årsakane var ukjende, og eg reiste straks heim for å studere første boka i serien; Harry Potter and the Philisopher's stone. Ei setning beit eg meg merke i; "If you are afraid, just close your eyes and run towards it." Hendinga skjedde dessutan her 1. september i motsetning til min 10. oktober.
Kva som gjekk galt veit eg ikkje. Om det var timinga, eller fysiske forglemmingar som å lukke auga. Kanskje ei lett blanding av dei begge. Neste gong skal eg uansett vera førebudd. Eg skal finna ei passande tid, eg skal lukke auga og eg skal springa!
Eg er klar for å entra ei magisk verd!

4 kommentarer:
Hallooooo! Marit då! Du må fatta at da e Noldus så stenge deg ute! Da du sku ha gjort var å springa ut til parkeringsplassen å funne ein Ford Anglia og føke t Galtvort! At du ikkje tenkte på da før! Skjerpings!
Herre mann! Detta her Marit e Harry Potter geeking som berre EG og DEG kan!:D<3
Oh no! Can't believe I didn't think about that!
Men når alt kjeme t alt hadde eg nok ikkje sett forskjell på ein Ford Anglia og ein ka så helst anna bil. Som ikkje egentlig e nåke problem, for HALLO! Eg sko jo berre sendt ei ugla t McSnurp!
At da går an! Eg trur me trenge ein Harry Potter-geeke-kveld for å gå gjennom detta.
Offameg, eg e flau.
Da versta e at eg suns da e så gøy at eg berre MÅ svara deg!;)
Jo, men hadde du ugla me deg Marit? Nei! Men med dine fysikk og kjemi skills så kunne du nok fått ka som helst bil til å fly, så da tvile eg egentlig ikkje på i da heila! I BELIVE IN YOU! Men berre pass deg for bassilisken!
Eg vil på mange måter sei at det ikkje virke som de øvenaturlige maktene e heilt på di sia.. Du bør kanskje heller satsa på ein tur øve skagerak?
Legg inn en kommentar