torsdag 25. desember 2008

Beste julegåve!


Ja, du ser rett, ein vaskeekta Liverpool-ball!
Kven i vidaste verda fann på å gi meg ei slik fantastisk gåve? Jo, det var sjølvaste Jennifer Havn. Jenta har utan tvil tallent når det gjeld julegåveshopping til Marit! For ikkje nok med at ho gav meg ein Liverpool-ball. Åneidå! Ho greidde jammen få med eit par turkise øyredoppar i tillegg.
(Elles kan eg nemna ei lang historie med vellykka presangar.)

Eg er imponert. For ikkje å seia ubeskriveleg glad!

(Mens eg er inne på det kan det forresten og seiast at, joda, Liverpool ligg for tida på første plass i Premier League!)

Thank you, Jennifer! Du har herved gitt meg beste julegåve nokon sinne.

laurdag 20. desember 2008

Difor er Elisabeth N. Johnsen min helt

Denne dama er:

Eineståande
Livlig
Idéfull
Sakkyndig
Ansvarsfull
Beroligande
Eventyrlig
Troverdig
Herlig







Og så kjem begrunninga til at denne Elleville, Lure, Idealistiske, Smilande, Artige, Betydelige, Elskverdige, Tillitsvekkande og Heldige (som har meg og Eli Karine) kvinna er mi heltinne:


På grunn av kommentarar som dette når eg skal til Bergen å handla julegåver: "jasså, så du skal hjelpe Norge ut av de økonomiske problemene ved å shoppe?! Nå synes jeg du har hørt litt for mye på Kristin Halvorsen..."

Fordi ho advarer mot å følgja hennar eige veldig lite strukturerte eksempel. (Finn det svært uroande at den mest strukturerte personen eg veit om seier dette. Funderer over kven som er hennar førebilete på området.)

Fordi ho meiner biletet av meg på krfu si nettside var kult og hip-hop inspirert. Dette sa ho i setningen før ho uttalte at "jeg vet jo knapt hva hip-hop er for noe..."

Fordi ho ser samanhengar andre menneske berre kan drøyma om å merkja seg.

Fordi ho kjem med utbrudd som "guriland=)!" når ho synest eg og Eli Karine benytter oss litt for mykje av intern humor på facebook.

Fordi hu har ein god dose sunn fornuft og seier som følgjer når ho høyrer at eg sit og et pepperkakedeig; "du kommer til å få vondt i magen og sukkerkick sånn at du ikke får sove i natt! Kos deg =)" Og når eg seier meg enig svarer "jeg har erfaring! nå syntes jeg Marit opptrådde som svært moden og reflektert!"

Fordi ho har kalt meg moden og reflektert.

Fordi ho har funne ein stad utan internett på lesesalen. (Svært respektverdig, men ikkje mi favorittside. Fører til dårlig facebook-kontakt på dagtid.)

Fordi ho desperat prøver å finna ein kjærast til meg som er smart (dvs aller helst studerer fysikk/matte/kjemi, er medlem av KrFU og dessutan er villig til å flytta til Bømlo.)

Fordi ho, når eg roser ho for å vera sjølvdisiplinert å leggja seg tidleg, svarer: "Er egentlig veldig dårlig til å legge meg tidlig...Ikke lær av uvanene mine. Og de er det mange av..." (Kan du konkretisera dette? Kjenner eg slit med å finna eksempel.)

Fordi ho får meg til å LE!

Fordi ho elskar salmer. Hennar favoritt er nr 283 i sangboka.

Fordi ho forleden dag sa dette til meg etter at eg hadde klagd over frustrerande klasseromsdebatt: "Dersom du virkelig vil bli provosert kan du alltids se litt på Visjon Norge!! Men tror ikke du har godt av det i kveld."



Nei, for i kveld skal eg ha kvalitetstid med Eli Karine. Resultat kan mest sannsynleg finnast på facebook.

fredag 12. desember 2008

Rettferdige vaflar smakar best!


Torsdag 11. desember hadde Ølen KrFU førjulsaksjon i Ølensvåg. I utgangspunket skulle me ha denne på senteret i Ølen, men blei kasta ut. Sjølv om me på førehand hadde spurt og fått lov til å vera der! Men det er ei anna historie, og Kiwi Ølensvåg tok imot oss med opne armar.

Her delte me ut RETTFERDIGE vaflar saman med oppskrifta på vaflane og informasjon om fair-trade produkt. Me fekk delt ut litt over 50 vaflar og informasjonsskriv (altså til det var tomt), så me er godt fornøgde!
Sjølv om dette ikkje var ein typisk juleaksjon, var det nokså bevisst. Me ønska å setja fokus på at óg når det er jul, når dette ofte vert gløymd mellom pakkekjøpestress og julemattillaging, lever me i ei urettferdig verd.
Óg når det er jul fortjener bøndene i sør å få skikkeleg betalt for sitt arbeide.


Her er ein av kundane på Kiwi, som sette pris på dei rettferdige vaflane.